Foto: Seaweed

Tareeventyret

Havet har til alle tider danna livsgrunnlaget for innbyggjarane i Bulandet og på Værlandet. Fisken har vore og er viktig for det vesle kystsamfunnet, men no har kløktige bu- og værlendingar funne eit nytt marint bein å stå på, nemleg taredyrking.

Øyriket i vest kan skilte med optimale forhold for taredyrking. Store mengder reint vatn strøymer forbi øyene og skapar gode vekstvilkår for algar og små tarestiklingar. Da selskapet Seaweed AS starta opp som eit av dei første taredyrkingsselskapa i Norge i 2014, ville kreftene bak finne ut om det er liv laga med tareproduksjon i området. Det treårige FoU-prosjektet «Makroalger til mat» vart dermed starta opp.

Gjennom «Makroalger til mat» har eit kobbel av forskarar frå ulike organisasjonar og dei tilsette i Seaweed AS sjølv sett på alt frå produksjonsmetodar til prosessar rundt tørking og pakking. Aktiviteten i prosjektet har gjort Bulandet til eit nasjonalt senter for kunnskapsproduksjon og utvikling av norsk taredyrking, og gjengen i Seaweed AS leiande på sitt felt.

I 2017 etablerte sju ulike taredyrkingsselskap Norsk Taredyrkerforening. Leiar i den relativt ferske foreininga er Audun Oddekalv frå Seaweed AS, og det var og selskapet frå Bulandet som tok initiativ til stiftinga. Norsk Taredyrkerforening skal vere ein arena for utveksling av erfaringar, og skal arbeide med formidling av tare som ingrediens i mat.
Foto: Seaweed

Dei gode forholda og det systematiske arbeidet til tarepionerane frå øyriket har vist seg å vere ei suksessoppskrift. Produksjonen av tare ved anlegget ute ved Alden har auka frå eit par tonn i oppstartsåra til over 20 tonn i 2017. Seaweed AS dyrkar og sankar som første selskap i Norden økologisk sertifisert sukkertare, butare og fingertare, og sel til restaurantar og vidareforedlings­verksemder i inn- og utland.

I dag har Seaweed AS opparbeida seg ei komplett verdikjede med eige klekkeri, produksjon, hausting, foredling og sal. Kvar vår blir taren hausta og frakta inn på kaien på Nikøy, der den blir tørka, pakka og sendt vidare ut i verda.

I denne filmen produsert av Lerøy Seafood reiser kokk Andreas Viestad til Bulandet for å mellom anna hauste og smake på ulike typar tang og tare. Lerøykonsernet er som eigar av Bulandet Fiskeindustri med sine omlag 25 tilsette ein særs viktig del av næringslivet på Bulandet.

Innovasjonsevna er stor i Bulandet og på Værlandet, noko Seaweed AS er eit godt døme på. Eit anna selskap som nyleg har kome på bana med nye og framtidsretta løysingar er Bulandet Miljøfisk, som i 2017 fekk tildelt fem fiskeoppdrettskonsesjonar på til saman 5500 tonn, og som planlegg utbygging av eit landbasert oppdrettsanlegg for laks og aure i Bulandet. Moderne teknologi og det landbasserte konseptet vil gjere produksjonen til Bulandet Miljøfisk meir bærekraftig enn tradisjonell fiskeoppdrett i sjø eller på havet, mellom anna med mindre risiko for sjukdom og luseutbrot, og eliminering av rømningsfare. Illustrasjon: Bulandet Miljøfisk

Vidare lesning

daniel
Møt Daniel Fedøy, ein mann med mange jarn i elden. Eit av dei er selskapet Seaweed AS. Foto: Finurlig

Tare til middag?

På den lokale kaféen/restauranten/baren Havsalaten har dei ein spanande meny der dei mellom anna serverer lekre rettar med taretopping!