Hjelp

Eit IntoPoint-punkt består av ein nettvarde og ei heilt ordinær nettside som du kan opne på mobilen din på tre ulike måtar.

1. Skriv inn adressa som står på nettvarden i nettlesaren din. F.eks intopoint.no/bv/punkt/8

2. Scann QR-koden som står på nettvarden.

3. Nytt ein app til å motta nettsida frå nettvarden automatisk når du er i nærleiken.

Korleis motta nettsider frå nettvardar automatisk

Nettvardar sender ut nettsider ved hjelp av bluetooth. For å kunne motta desse signala må du ha ein «nettvardeapp» på din mobil. Det finst mange å velje mellom, men vi tilrår appen «Physical Web».

Last ned «Physical Web» her:

Her viser «Physical Web» nettvardar i nærleiken i «notifications-panelet» på ein Sony Xperia L1. Eit enkelt trykk på oppføringa tar brukaren rett inn på den aktuelle nettsida.

Når du har lasta ned ein app som tar imot nettvardesignal er alt du treng å gjere å sjekke denne når du er i nærleiken av eit IntoPoint-punkt, eller «notifications-panelet» ditt, om appen nyttar dette. Raskt og enkelt!

Lurer du på om det er IntoPoint-punkt i nærleiken av deg? Den første IntoPoint-løysinga finner du i Bulandet og på Værlandet. Om du er i øyriket kan du opne kartet som viser dei ulike punkta og din plassering, så er det lett å finne dei punkta du har lyst til å utforske.

Personvern og cookies

IntoPoint nyttar Google Analytics til å samle inn informasjon om din bruk av desse nettsidene. Dette blir gjort for å optimalisere sidene så du skal få ei best mogleg oppleving som brukar.

Du bestemmer sjølv om du vil tillate lagring av cookies. Frå menyen i din nettlesar kan du sjølv kontrollere kva typar informasjonskapslar/cookies som blir lagra på din eining.

Sjå Google Analytics Cookies for meir informasjon om kva typar cookies Google Analytics nyttar på denne sida.