Kontakt

IntoPoint er ei løysing frå kommunikasjonsbyrået Finurlig AS.

Kontakt oss på post@intopoint.no, eller finn meir kontaktinformasjon på finurlig.no


Interessert i ei IntoPoint-løysing?

IntoPoint er ei form for moderne digital skattejakt som gjer det ekstra kjekt å utforske eit landskap.

Interaktivt innhald

IntoPoint er tett integrert med sosiale medier og lar brukarane ta aktivt del i skaping av innhaldet på sidene. Opplevingar er vel så viktige som informasjon i ei IntoPoint-løysing.

Dømer på bruk av Facebook og Instagram på IntoPoint Bulandet og Værlandet sider.

Bygd for mobil

Rammeverket til IntoPoint er bygd for rask lastetid på mobil og nettbrett. Sidene kan besøkast på alle typar einingar, men er optimalisert for mindre skjermar og begrensa nettdekning.

Brukargrensesnittet minner meir om ein app enn ei tradisjonell nettside, og er også utforma med tanke på mobiltelefonar som den primære brukarplattforma.

Digital skattejakt

IntoPoint har eit fysiske element i form av nettvardar som til dømes GPS-baserte løysingar manglar. Nettvarden står som eit teikn i landskapet på at «her er det noko interessant», og kan i seg sjølv trigge nysgjerrigheita til dei som er i nærleiken.

Kartløysinga viser kvar dei ulike IntoPoint-punkta ligg i landskapet og i forhold til brukaren.
Ei IntoPoint-løysing kan også gjennom interaktivitet nyttast til å skape opplevingar, og ikkje berre forsterke dei som alt er på staden.

Kontakt oss i Finurlig om du skulle vere interessert i ei IntoPoint-løysing!